Eg får ikkje sove. Trea uler i vinden utanfor vindauget mitt. Eg er ikkje trøytt. Gatelykta lagar skuggar gjennom gardinene og inn på veggen min. Eg frys. Snøkrystallane dalar sakte og fredeleg ned ute. Eg skjelv. Dei legg seg roleg ned på bakken. Ei einsam tåre renn nedover andletet mitt. Så avslappa og herleg kalde. Ho set eit spor etter seg, fortel heile verda at ho var der. Som om dei søv så søtt som dei aldri har gjort før. Ein sommarnattsdraum som aldri blei sann.
eit smil som sjenerer sola og auge fylt med alle himmelens stjerner
hår som sjøen på vindstille dagar og nase som den finaste fjellvegg
min sommarfugl, min engel
Eg klarer ikkje ete og eg får ikkje sove. Vil ikkje vere åleine, men orkar ikkje gå ut. Tankane rasar gjennom hovudet mitt raskare enn ein svolten tiger på jakt etter byttet sitt. Tankane mine stoppar, tigeren angrip. Eg er som byttet til tigeren. Spring frå problema mine, men av og til tar dei meg att og eg er hjelpelaus.
handa mi opna seg og sommarfuglen flaug sin veg
engelen min drog attende til himmelen
Det heile starta sommaren for to år sidan. Eg var på ferie med familien min, der eg møtte den vakraste jenta eg nokon sinne har sett. Ho budde der. Me blei godt kjend med kvarandre, og eg følte meg betre enn nokon gong før. Blodet fossa gjennom årene mine, eg kunne ikkje slutte å smile og det kribla i magen min. Eg tok tak i den litle handa hennar, heldt fast i ho på ein måte som sa at eg alltid ville passe på henne, og ho visste det.
Sommarkveldane betydde alt for meg. Me sprang i vasskanten på stranda utan sko, hand i hand gjennom solnedgangen. Ho var det siste eg tenkte på før eg sovna om kvelden, og det fyrste eg tenkte på då eg vakna om morgonen. Eg var forelska. Eg var forelska og det var fantastisk.
Ho viste meg ei heilt ny side av livet, eit nytt perspektiv. Ho måla alt i sterke, friske fargar og sette smilefjes på det. Før hadde eg følt meg utilpass og innestengd, men ho opna ei ny dør for meg, ei dør som hadde vore låst alt for lengje. Ho sette meg fri. Brukte kjærleiken og sette meg fri.
Sommaren tok slut og det var på tide å dra heim att. Eg lovde å komme på besøk neste ferie. Ho smilte. Smilte og kyssa meg som aldri nokon hadde kyssa meg før. Dei mjuke leppene hennar kjendest så gode ut mot mine, dei passa perfekt saman. Ho var min fyrste store kjærleik, og eg ville at ho skulle vere den einaste.
Eg såg for meg oss om 50 år då me køyrde heim. Me ville gå i parken for å mate endene, og ho ville strikke sokkar til barnebarna våre mens eg tok oppvasken frå middagen. Kjærleiken vår skulle blomstre som aldri før. Eg skulle elske ho som eg alltid hadde elska ho sidan nett denne sommaren, og ho skulle elske meg.
Det verka som ei evigheit mellom kvar ferie, men me heldt alltid ut. Så lengje me hadde kvarandre, var det alt som betydde noko og alt me nokon gong ville trengje. Denne påska hadde me vore saman i eit år og tre månader. Då eg dro heim att, visste eg at eg elska ho høgare enn eg trudde gjekk an. Eg visste det ville vere oss to, me var som skapt for kvarandre.
Kvelden etter eg kom heim, ringde mobiltelefonen min. Namnet hennar stod på skjermen. Eg smilte, tok han og sa hei. “Eg elskar deg ikkje meir.”
sommarfuglen min har blitt ein møll
engelen ein djevel
Eg får ikkje sove. Trea uler ikkje i vinden, gatelykta lyser ikkje. Det er ikkje snø ute. Den einsame tåra er ikkje einsam meir. Fargane ho gav meg har falma, smila smiler ikkje lenger. Døra har lukka seg att. Eg er åleine i verda og eg passar ikkje inn. Tigeren et meg sakte opp. Eg skulle ynskje eg kunne sove, sove som du.
Alle kjem til eit punkt i livet der dei seier: “Her skal eg av.” Ho har funne sin stasjon.
1 kommentar
mai 15, 2008 at 22:15
frrrysninger. O.o